Me er 6 jenter som går på vg1 Service og Samferdsel ved Sogndal Vidaregåande Skule, 6856 SOGNDAL. Dei tilsette er i aldersgruppa 17-20 år.
Ungdomsbedrifta vår heiter Cakegirls UB, fordi me er ein jentegjeng som likar kaker og vil dele dette med andre. Me etablerte oss 20. september 2013,
så me har haldt på i om lag eit halvt år. Dei tilsette er Silje Molland Lindborg som er leiar, Marte Totland er nestleiar,
Silje Vigdal er sekretær, Judith Skadal Atterås er marknadsførar, Sudarat Phongpanya Hamarsnes er økonomisjef og Ingrid Haukadal er innkjøpssjef.
Forretningsidè, visjon og målsetjing
Me ynskjer å dele smaken av kaffikaker med deg!
Vårt mål og visjon er å tilby kaffikaker for å dekkje behovet for søtsaker, kos og avslapping til lærarar, elevar og alle handlarar på senteret.
Produkta våre, kaffikakene, er bestilt via «Nordkak». Dei forskjellige sortane er Morfars sjokoladekjeks, Mormors doble sjokoladeflarn,
Mammas sjokoladebollar og Lillebrors beste karamellblanding.
Arbeidsbetingelsar
Dei tilsette i Cakegirls UB skal vere representative ovanfor kunden. Det vil seie at me skal vere hygienisk, t.d. kakeboksane skal vere reine.
Me skal sjå bra ut, ha fine negler og ikkje tygge tyggis framfor kunden. I tillegg skal me vere hyggelege ovanfor kunden og samarbeidsvillig.
Alle skal delta i arbeidet!
Marknadsgrunnlag
Me ynskjer å nå alle, både store og små. Men i hovudsak er marknaden nær familie, lærarar og medelevar.
Fleirtalet av marknaden er tilsette som jobbar ved Sogndal Vidaregåande Skule eller på Sogndal Campus.
Minoriteten av marknaden er forbigåande ved Amfi Sogningen. Dette er kundar som handlar på butikkane som t.d. Meny.
Marknadsstrategi
Strategien vår for å nå marknaden er å komme nær kunden. Me ynskjer å ha eit godt forhold til marknaden.
Me går rundt på Sogndal Vidaregåande Skule, i administrasjonen, kontora og klassane. I tillegg til dette går me rundt på Sogndal Campus hos bedriftene.
Me sit òg på Amfi Sogningen. Me marknadsførar på Facebook, heimesida www.cakegirls.ubdrift.net og på TV-skjermar på VGS.
På nettet legg me ut bilete frå arbeidsdagen og påminning om sal. På TV-skjermane på Sogndal Vidaregåande Skule kan ein sjå dei forskjellige kakesortane.
Informasjon om produktet
Produkta våre er kaffikaker. Me har fire forskjellige sortar som er Morfars sjokoladekjeks,
Mammas sjokoladebollar, Mormors doble sjokoladeflarn og Lillebrors beste karamellblanding.
Om du vil vite meir om produkta, så kan du trykke på "Produkt".
Meir info kjem snart!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar